Kommentar
13.04.08 kl. 12:25
Ja til ekteskapet!
Det har vore vanleg å hevda at det er best for eit barn å veksa opp med både far og mor. Rollemodellar av begge kjønn er viktige for utviklinga til barnet. Les leiaren frå Olav Vestbøstad her.
Av Jan Ove Krutvik
Homofili er medfødt. Dei som er født homofile er homofile og kan aldri bli noko anna. Difor må dei få full aksept for legninga si. Difor må dei og få rett til å gifta seg med kvarandre. Noko anna vil vera diskriminering og gå mot menneskeverdet deira.
Slik er argumentasjonen som gjer at Stortinget i løpet av våren sannsynlegvis vil vedta ei ny ekteskapslov. I den nye ekteskapslova vil ekteskap mellom personar av same kjønn bli likestilt med ekteskapet mellom mann og kvinne.
Denne veka er det aksjonsveke for ekteskapet i Oslo. Den blir markert med ulike arrangement. Høgdepunktet er marsjen nedover Karl Johan laurdag 12 april og det påfylgjande folkemøtet på Youngstorget. Bakgrunnen for denne aksjonsveka er at det nye lovforslaget bryt med den universelle tradisjonen at ekteskapet er ei samlivspakt mellom ein mann og ei kvinne.
Det har vore vanleg å hevda at det er best for eit barn å veksa opp med både far og mor. Rollemodellar av begge kjønn er viktige for utviklinga til barnet. Dette vert brukt som argument for at ein må få inn fleire menn i barnehagane og i småskulen. Er det då ikkje minst like viktig at samfunnet legg opp til at flest mogleg av borna skal få veksa opp i heimar med både far og mor til stades? Det er rett nok slik at mange born ikkje opplever å veksa opp saman med begge foreldra. I den situasjonen er det viktig at barnet sine rettar vert tekne vare på. Men er det sikkert at den vegen Stortinget og regjeringa vel å gå er til beste for barnet? Eg er ikkje så sikker på det.
I arbeidet for å få gjennomført ekteskapslova har ein og valt å sjå bort frå godt dokumentert forskning når ein hevdar at homofili er noko medfødt. Den amerikanske teologen og psykologen Merton Strommen har i boka Kirken og homoseksualitet – En vei videre gått i rette med dette. Han hevdar at det er ei overforenkling å seia at folk er født homoseksuelle. ”Det kan riktignok foreligge en genetisk predisposisjon, men andre utvilings- og miljøfaktorer spiller en mer avgjørende rolle.” seier Strommen. I boka hevdar han og at det er mange godt dokumenterte studier som syner at det går an å endra den seksuelle legninga. Det er ikkje vasstette skott mellom homoseksualitet og heteroseksualitet. Gjennom ulike fasar i livet kan ein person bevega seg på denne skalaen. Mange unge gutar har ein fase i fyrste del av tenåra der ein kjenner på ein dragning mot personar av same kjønn, hevdar han. For dei aller fleste er dette eit forbigåande fenomen. Strommen hevdar samstundes at dei unge i denne tida treng gode heteroseksuelle rollemodellar. Viss ikkje, så kan orienteringa mot personar av same kjønn bli forsterka.
Det er altså mykje som tydar på at det ikkje er slik at det utelukkande er genetisk betinga at nokon blir homoseksuelle. Det er for eksempel mange døme på at einegga tvillingar, det vil seie tvillingar med identiske genar, utviklar ulik seksuell orientering. Sosiale faktorar, opplevingar og inntrykk opp gjennom åra har altså sannsynlegvis minst like mykje å seia som det genetiske.
Dersom dette er tilfelle, er det ikkje unaturleg å tru at den nye ekteskapslova vil føra til at fleire personar vil definera seg som homofile. Det vil i så fall ikkje berre skuldast at det er fleire skjulte homofile som kjem ut av skapet. Det kan verta lettare å stå fram som homofil. Samstundes vil variasjonen i familiemodellar gjera at det er fleire som gjennom sin oppvekst har erfaringar, opplevingar og impulsar som gjer at dei utviklar seg i homofil retning.
Ei slik forståing av situasjonen gjer det endå viktigare å ta vare på ekteskapet som ei samlivspakt mellom ein mann og ei kvinne. Det beste for borna er å veksa opp med både far og mor. Slik tenkte Gud tenkte då han skapte mennesket. Kampen for å berga dette synet på ekteskapet er vel verd ein marsj nedover Karl Johan. Har du ikkje høve til å marsjera? Aksjonkomiteen kjem med ei oppfordring: Du kan markera di støtte til ekteskapet ved å heisa flagget! Eg støttar denne oppfordringa: Gjer laurdag 12. april 2008 til ein nasjonal flaggdag for ekteskapet!
Olav Vestbøstad er krinssekretær i NLM Trøndelag.