I to år har Norea Mediemisjon og Norsk Lutherks Misjonssaband (NLM) kringkasta kristne radioprogram til den lille muslimske folkegruppa mahou i Elfenbeinskysten.
-Eg har vel ikkje heilt stoppa opp og tenkt over at det er to år sidan vi starta. Det seier Bergfrid Almelid, leiar for mediearbeidet. -Det er svært gledeleg at vi har fått sendt kristne program kvar veke i to år i Abidjan.
På grunn av krig og uro i Elfenbeinskysten har radioarbeidarane jobba frå nabolandet Mali. Difor er det ikkje så enkelt å ha direkte kontakt med lyttarane.
-Vi veit at folk lytter, og har fått tilbakemeldingar på det. Mange er takksame for at vi sender på mahouspråket. Når dei skal fortelja om kor stort det er fortel dei som føre gong det vart radioprogram på mahou. Det var for mange år sidan då presidenten skulle vitja Touba-distriktet, der mahoufolket kjem frå. Då vart det snakka mahou så folket skulle skjøna at presidenten kom. Elles er mahouspråket nesten ikkje brukt, fortel Almelid.
Mahoufolket har berre hatt skriftspråk nokre få år. Når dei heller ikkje får brukt språket i det offentlege rom, så skjøner ein kor viktig radioen er for å ta vare på språket.
Det er få kristne mellom mahoufolket, og det er ingen utdanna prestar frå mahou i NLM si samarbeidskyrkje. Difor vert det heller ikkje så enkelt å laga andakter på mahou.
-Det er ikkje berre å spørja ein prest om han kan ha ein andakt. Vi må skriva ned kvart eit ord vi ynskejr skal bli sagt på fransk, så må vi oversetja kvart eit ord.Det er eit stort språkarbeid vi driv med, fortel Bergfrid Almelid.
Mahou er ei sterkt muslimsk folkegruppe, med kring 97 prosent muslimar. Likevel har dei ikkje fått særleg negative reaksjonar på dei kristne programma.
-Vi spør folk kva dei meiner om Bibelprogramma våre. Då seier dei at Bibelen fortel Guds vilje. Det er vanskelegare når vi snakkar om Jesus. Det kan vera vanskeleg for ein muslim å forstå at Jesus er nøkkelen til himmelen, at han er sjølve livet. Det handlar radioprogramma våre om, fortel Almelid.
Har vore på lufta i to år